Ein militær reservestyrke er ein militær organisasjon som består av militært deltidspersonell, og nokre sivile som er i stand til militær strid ved mobilisering til krig eller forsvar mot fiendtleg invasjon. Organisasjonen kan òg bestå av materiell, transportmiddel og forsyningar. Reservestyrken er generelt ikkje rekna som ein del av dei ståande militære styrkane. Eksistensen av ein reservestyrke tillèt nasjonar å redusere sin militære styrke i fredstid og samstundes ha ein styrke klar i tilfelle krig.

Kjelder

Kategori:Militærvesen