Berit Rokne () er ein norsk forskar og var den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). I januar 2021 vart ho seniorrådgjevar i rektors stab ved Høgskulen på Vestlandet.

Akademisk karriere Rokne kom til Høgskulen på Vestlandet frå stillinga som professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho vart tilsett som rektor i slutten av 2016, før den nye høgskulen vart ferdig fusjonert 1. januar 2017. Rokne var tilsett ved Universitetet i Bergen frå og med 1987 og som professor frå 2003. Ved same institusjon vart Rokne tilsett som viserektor for utdanning frå 2005 til 2009 og som prorektor frå 2009 til 2013. Ho var i perioden 1996-1999 studiesjef ved Høgskulen i Bergen.Rektor Berit Rokne ; hvl.no

Rokne har ein doktorgrad i sjukepleievitskap frå 1992, og var den første personen i Noreg med doktorgrad i sjukepleie.

Som forskar har Rokne spesialisert seg på livskvaliteten til kronisk sjuke pasientar. Totalt har Berit Rokne gitt ut 97 fagfellevurderte publikasjonar under namnet Rokne Hanestad og 32 under namnet Rokne.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Berit Rokne» frå , den 12. september 2018.

Kategori:Norske professorar i sjukepleie Kategori:Norske universitetsrektorar Kategori:Professorar ved Høgskulen på Vestlandet Kategori:Rektorar ved Høgskulen på Vestlandet