Ruseløkka skule var ein 1–10-skule (barne- og ungdomsskule) på Ruseløkka i bydel Frogner i Oslo. Skulen var teikna av arkitekt Henrik Thrap-Meyer og vart etablert i 1871. Han var matrikulert til Løkkeveien, sentralt i Oslo, nær Nationaltheatret stasjon.
Ruseløkka skule stod klar i 1871. I 1891 fekk skulen bygd ein tredje etasje og overlærarbygning. I 1938 fekk han endå ein etasje og to nye fløyer.
Under andre verdskrigen rekvirerte den tyske okkupasjonsmakta skulen og brukte han som kaserne med namnet Kaserne Ostpreussen. Under skulen vart det bygt bunker for den tyske etterretningstenesta. Etter krigen overtok Forsvarets overkommando og E-tenesta denne såkalla Ruseløkkabunkeren, og dreiv herfrå etterretning og overvaking av telefonar (som då berre var fastnett-telefonar) i Noreg heilt fram til 1989, mellom anna skildra i rapporten frå Lund-kommisjonen i 1996. Heimevernets distrikt HV-02 Oslo og Akershus har deretter nytta bunkeren som lager og møterom i ei periode, fram til bunkeren vart teken ut or bruk og avstengt.Oslo kommune om soga til Ruseløkka skule på nettsida Osloskolen
Skulen er omtala som eit av dei monumentale skulebygga i Oslo på nettstaden til Oslo kommunes byarkiv, men vart likevel vedteken riven i 2017. Etter lokale protestar vart rivinga forseinka, men beslutninga om å rive vart stadfesta av Byrådet hausten 2017,Dagsavisen 27. september 2017 og i juni 2018 var rivinga i gang.
Ruseløkka skulekorps Ruseløkka skulekorps vart stifta 3. mars 1933. Korpset samarbeider med Oslo musikk- og kulturskule.
Rektorar
2008-2011, 2012-2014: Elin Tinderholt Brandsæter (til Fagerborg skule) 2011-2012: Gro Kindem Nordstrand (fungerande) 2014-: Merete Hansen
Planar om nytt skulebygg Det er planlagt ny skule på Ruseløkka med ferdigstilling i 2020.Aftenposten (31. mars 2018): Vil rive videregående skole for å bygge barneskole. Her er Oslos nye skolekart. Henta 9. april 2018
Bilete
Kjelder
Denne artikkelen bygger på mellom anna «Ruseløkka skole» frå , den 13. september 2018. Bakgrunnsstoff
Nettstaden til Ruseløkka musikkorps (arkivert) Byarkivets skildring av Oslos monumentale skulebygg
Kategori:Skipingar i 1871 Kategori:Henrik Thrap-Meyer Kategori:Byggverk i Oslo Kategori:Skular i Oslo