Naturally er debutalbumet til J.J. Cale. Det kom ut i 1972 og inneheld songen «After Midnight», som først vart spelt inn av Eric Clapton i 1970. Cale, som stort sett var gått i gløymeboka på den tida, kjende ikkje til at Clapton hadde spelt inn songen før «After Midnight» vart ein radiohit i 1970. Cale fortalte til Mojo at då han høyrde Clapton sin versjon på radio «var eg lutfattig, og tente ikkje nok til mat og eg var ikkje ung heller. Eg var i trettiåra, så eg vart veldig glad. Det var så fint å tene litt pengar.» Venen til Cale, produsenten Audie Ashworth, oppfordra Cale til å spele inn eit heilt album for å utnytte suksessen til songen hans.

Naturally vart spelt inn sjølvstendig, og musikarane fekk betalt demo-honorar. Somme songar, som «Call Me the Breeze», vart spelte inn med ein primitiv trommemaskin og høyrest nesten ut som demoar. Albumet synte den særeigne, underdrivne stilen til Cale, og sette i gang solokarrieren hans, som han heldt gåande til han døydde i 2013. Albumet inneheld hittane «Crazy Mama» (22. plassen på Billboard Hot 100- den einaste han fekk på topp 40Crazy Mama Songfacts) og «After Midnight» (42. plassen) i tillegg til radiohittar som «Bringing it Back» (spelt inn av Kansas for debutalbumet deira), «Call Me the Breeze» (seinare spelt inn av Lynyrd Skynyrd) og «Clyde» (seinare spelt inn av Dr. Hook and the Medicine Show og ein countryhit i 1980 for Waylon Jennings).

Thom Owens frå AllMusic gav albumet tre av fem stjerner og sa då at «Cale fangar leikande lett ein lat, rullande boogie som gjekk i mot alle kommersielle artar av boogie blues og countryrock på den tida».Owens, Thom. Review of Naturally by J.J. Cale. All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues (2003), edited by Vladimir Bogdanov, et al. p. 94.

I 2009 kom albumet ut på ny i lag med Really, som ei fransk 24-spors dobbeltplate på Universal Records i serien '2 For 1' .

Innhald

Medverkande Musikarar

J.J. Cale – gitar, vokal Karl Himmel – trommer Chuck Browning – trommer Tim Drummond – bass Carl Radle – bass Norbert Putnam – bass Bob Wilson – piano David Paul Briggs – piano, orgel Jerry Whitehurst – piano Weldon Myrick – steelgitar Buddy Spicher – fele Shorty Lavender – fele Walter Hayness – dobro Mac Gayden – slidegitar Ed Colis – munnspel Diane Davidson – korvokal

Produksjon Plateomslag - Rabon Lydteknikar – James Long

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Naturally (J. J. Cale album)» frå , den 15. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1972 Kategori:J.J. Cale-album Kategori:Shelter Records-album Kategori:Album produserte av Audie Ashworth