Vikebygd kyrkje er ei murkyrkje frå 1937 i Vindafjord kommune i Rogaland fylke.

Kyrkjebygg Sjølve kyrkjesalen er ei langkyrkje med orientering frå vest-nordvest til aust-søraust. Tårnet er asymmetrisk plassert på sørsida. Vindauga i apsisveggen i koret har glasmåleri.

Tidlegare kyrkjer Det har stått ei rekkje kyrkjer på staden. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei tømmerkyrkje på same staden i 1682. Ei ny kyrkje vart oppført litt nærare fjorden i 1872, og gamlekyrkja vart riven året etter. Kyrkja frå 1872 brann i 1926. Ei ny bindingsverkskyrkje teikna av Torgeir Alvsaker stod klar i 1928. Denne kyrkja brann allereie i 1930, og Alsaker teikna òg dagens kyrkje, som vart innvigd i 1937. Kyrkja står om lag 70 meter lengre frå fjorden enn dei to førre kyrkjene.

Kjelder Anne Marta Hoff: Vikebygd kyrkje i «Norges kirker» Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland (Riksantikvaren, 2016), s. 148–149

Bakgrunnsstoff

Vikebygd kyrkjelyd om kyrkja

Kategori:Kyrkjer i Vindafjord Kategori:Kulturminne i Vindafjord Kategori:Kyrkjer i Haugaland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1937