Carl Otto Lund () var ein norsk jurist og politikar frå Larvik som representerte einmannskrinsen Strømsø og Tangen på Stortinget frå 1916 til -21, vald for partiet Høgre.

Til liks med den samnemnde faren utdanna Lund seg til sakføraryrket. Han vart cand. jur. i 1887 og arbeidde dei neste fire år som eidsvoren fullmektig hos byfogden i Drammen. Frå 1892 var han overrettssakførar i Drammen. Jamsides hadde 1891-1900 jobben som formannskapssekretær i Drammen. I tida 1907-1033 var han også aktor ved Drammens meddomsrett.

Lund var medlem i bystyret i Drammen i 21 år frå 1901 til -22, ordførar i seks år av åra, 1907-13. I tillegg var han formann i likningskommisjonen i Drammen. Frå 1916 til 1928 var medlem i hovudstyret i Den Norske Sakførerforening, viseformann dei siste 8 åra. Lund var i 25 år styreformann Drammens og Oplands Kreditbank og styremedlem i ein rekke industribedrifter og reiarlag.

Periodane 1916-18 og 1919-21 var Lund valkrinsen Strømsø og Tangen sin mann på Stortinget. Den fyrste treårsbolken hadde han plass i Budsjettkomiteen, i den siste i Finans- og tollkomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Norske juristar Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Folk frå Larvik Kategori:Folk frå Drammen