Kjelvik (nordsamisk Goaskinvággi) er ei fråflytta bygd på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark fylke.

Ho var etter Honningsvåg den nest største tettstaden på Magerøya inntil staden vart brent av okkupasjonsmakta i 1944. Kjelvik hadde tidleg på 1900-talet om lag 80 innbyggarar, dei fleste av finsk avstamming. I 1930 var det 236 innbyggarar i Kjelvik. Etter krigen vart staden berre delvis attreist. På 1960-talet flytta dei fleste som var att frå staden, og frå midten av 1970-talet var det ingen fastbuande igjen.Nordkappmuseet: Kjelvik – det gamle kommunesentret. Vitja 4. juli 2020

Kjelvik var fram til 1950 namnet på dagens Nordkapp kommune. Kommunen var utskild frå Kistrand i 1861. Staden er avmerka som «Kelwyck» på Mercator sitt kart Atlas Minor frå 1613.

Kjelder

Kategori:Busetnader i Nordkapp Kategori:Fiskevær i Finnmark Kategori:Bygder i Finnmark