Douglas Fairbanks sr. () var ein amerikansk skodespelar, filmforfattar, regissør og filmprodusent, og som er kjend for romantiske, atletiske roller i stumfilmar som The Mark of Zorro (Zorros merke, 1920), The Three Musketeers (De tre musketerer, 1921), Robin Hood (1922), The Thief of Bagdad (Tyven i Bagdad, 1924) og The Black Pirate (Den sorte pirat, 1926). Han var med på å skipa filmselskapet United Artists i 1919. Fairbanks er blitt kalla «kongen av Hollywood», og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Douglas vart fødd som Douglas Elton Thomas Ullman i Denver i Colorado. Han var son av Hezekiah Charles Ullman (fødd 1833) og Ella Adelaide Marsh (fødd 1850), halvbror av John Fairbanks (fødd 1873) og bror av Robert Payne Ullman (1882–1948).

Fairbanks var gift med Anna Beth Sully og seinare med skodespelaren Mary Pickford frå 1920 til 2935. Sonen hans frå det første ekteskapet, Douglas Fairbanks jr. (1909–2000), var òg skodespelar.

venstre|mini|Det amerikanske filmstjerneparet Douglas Fairbanks (til venstre) og Mary Pickford i Oslo sommaren 1924.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Douglas Fairbanks» frå , den 26. september 2018.

Bakgrunnsstoff The Douglas Fairbanks Site (arkivert versjon) The Douglas Fairbanks Museum

Kategori:Folk frå Denver Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:USA-amerikanske skodespelarar