Marilyn French () var ein amerikansk feministisk forfattar og doktor i litteratur.
Marilyn French vart fødd som Marilyn Edwards i Brooklyn som dotter av E. Charles Edwards og Isabel Hazz Edwards.
Marilyn French var ein akademisk feminist, som skreiv fleire bøker. Ho har uttalt My goal in life is to change the entire sosial and economic structure of Western civilization, to make it a feminist world, (Mitt mål i livet er å endra heile den sosiale og økonomiske strukturen i den vestlege verda, å gjera henne til ei feministisk verd)Marilyn French, Novelist and Champion of Feminism, Dies at 79 – Obituary (Obit) – NYTimes.com
I 1950 vart Marilyn French gift med Robert M. French Jr. Med han fekk ho borna Robert og Jamie. Ekteskapet vart oppløyst i 1967.
Boka Kvinner (The Women's Room på engelsk), som kom ut i 1977, følgjer Miram frå ho er jente til eldre kvinne. Boka har kjønnspolitikk i fokus, og Mira opplever saman med veninnene sine å verta undertrykte i ei patriarkalsk verd.
I 1992 fekk Marilyn French konstatert kreft i matrøyret, og den uhyggelege beskjeden om at ho hadde berre månader att å leva, men likevel skreiv ho boka Season in Hell: A Memoir som er basert på opplevinga med sjukdomen.
Marilyn French døydde 2. mai 2009 på Manhattan i New York City, 79 år gamal. Dødsårsaka var hjartestans.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marilyn French» frå , den 22. september 2018.
Kategori:USA-amerikanske sakprosaforfattarar Kategori:Kvinnelege forfattarar frå 1900-talet