Igor Ivanovitj Sikorskij (), seinare Igor Sikorsky, var ein russisk-amerikansk ingeniør.

Sikorsky var fødd i Kiev i dåverande Tsar-Russland i 1889 i ein russisk familie."Igor Sikorsky Was a Reflection of His Heritage and Experiences in life" . Sikorsky Archives News, April 2013. Quote: "My family is of Russian origin.""Igor Sikorsky | Historical Archives | History" . sikorskyarchives.com Han utvandra til USA i 1919. "An interview with Sergei Sikorsky in Russian by pravmir.ru"Kutuzov, Mikhail. "The Genius of Flight" (English translation). Russian Archipelago, 2012. Retrieved: May 16, 2012. Då han vart amerikansk statsborgar var det som Igor Sikorsky, som er den engelske translitterasjonen av namnet hans.

Han var oppteken av flyging frå guteåra, og var sterkt inspirert av bøkene til Jules Verne. Som ung eksperimenterte han med små helikoptermodellar, og bygde allereie i 1909 sitt første forsøk på eit helikopter, sjølv om det ikkje makta å løfta seg frå jorda. Han kasta seg i staden over fly, og fekk sitt første fly på vengene i 1911. Fleire modellar kom til, og i 1914 blei han den første som flaug eit fly med 4 motorar. Ein forbetra versjon flaug med passasjerar same året. Året etter var ein bombeversjon klar for flygetroppane til den russiske hæren, som tok flyet i bruk i 1915.

mini|venstre|Eit Sikorsky-helikopter I USA grunnla han Sikorsky Aero Engineering Corporation i 1923, og utvikla fleire fly med faste venger. Draumen om helikopteret held fram, og i 1931 fekk han patent på den kjende moderne helikopterkonstruksjonen med hovudrotor og mindre lodrette halerotor. I 1940 gjorde han den første flyginga i eit brukbart helikopter dagen før fødselsdagen sin, og i 1941 hadde han konstruert eit helikopter som kunne halda seg i lufta i meir enn 15 minutt.

Det første helikopteret (S-47) blei levert til United States Air Force i 1942.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Igor Sikorsky» frå , den 24. september 2018.

Kategori:Russiske ingeniørar Kategori:Folk frå Kiev