Ingrid Pedersen () var ein svensk-amerikansk flygar. Ho var den første kvinnelege piloten til å fly over Nordpolen.
Ingrid Elisabeth Liljegren vart fødd i Stockholm i Sverige. Ho var dotter av Sivert Roland Liljegren (1908-75) og Maud Berg (1915-82). I 1957 tok Ingrid flysertifikat i Sverige. Ho gifta seg med Einar Sverre Pedersen (1919-2008) i 1958. I 1962 flytta familien til Anchorage i Alaska, der Einar Pedersen var stasjonert som navigatør for Scandinavian Airlines på interkontinentale flygingar, Nordpolsruta."Einar Sverre Pedersen, 1919 – 2008.Bjørn Bjørhovde: Einar Sverre Pedersen, Sjefsnavigatør i SAS, pionér i norsk polar- og flyhistorie.
I 1963 sette Ingrid Pedersen saman med mannen som navigatør ut med eit ein-motors Cessna 205-fly frå Fairbanks i Alaska over den geografiske nordpolen og vidare til Bodø i Noreg.
Ingrid og Einar emigrerte til USA i 1979. Einar Pedersen døydde i 2008. Ingrid Pedersen døydde i 2012 i Anchorage i Alaska.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingrid Pedersen» frå , den 24. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kvinner i norsk luftfartshistorie
Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Luftfartspionerar