Jerome Kern () var ein amerikansk komponist. Han vann Oscar for beste song to gonger, for songane «The Way You Look Tonight» og «The Last Time I Saw Paris». Kern komponerte òg mellom anna «Smoke Gets in Your Eyes», «All the Things You Are», «Bill» og «The Crickets Are Calling» frå musikalen Leave It to Jane. Han vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1970.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Jerome Kern» frå , den 27. september 2018.

Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Musikalkomponistar Kategori:Oscarvinnande songar Kategori:Folk frå New York City