Bad Mouthin' er det 22. studioalbumet til den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut 28. september 2018 på Yep Roc Records.

Albumet er noko meir reint bluesprega enn dei førre albuma til White, og mange av songane er framført akustisk av White aleine. Han spelar til dømes John Lee Hooker sin «Boom Boom» og Jimmy Reed sin «Big Boss Man»

Allmusic skreiv: «White kombinerer bluesstandardar med songar han skreiv for mange år sidan, og syner kor viktig shuffle-rytmen til John Lee Hooker og Jimmy Reed var for hans eigen stil. Songane er sterke, men årsaka til å høyre på albumet er framføringa, korleis White opprettheld ei tjukk, tung stemning frå byrjinga til slutten.»

Innhald

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2018 Kategori:Tony Joe White-album