Tres Hombres (spansk for «tre menn») er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top. Det kom ut i juli 1973. Det var første gongen bandet arbeidde med Terry Manning som lydteknikar. Denne kombinasjonen vart ein suksess og albumet vart gjennombrotet for bandet. I USA gjekk albumet inn på topp 10, medan singelen «La Grange» nådde 41. plassen på singellista.
Remiksa versjon Då ZZ Top var på sitt mest populære i midten av 1980-åra, vart ein digital, remiksa versjon av innspelinga gjeven ut på CD, og den originale miksen frå 1973 vart ikkje lenger gjeven ut. Denne remiksa versjonen skapte kontroversar blant fansen, fordi han i stor grad endra lyden på instrumenta, særleg trommene. Den remiksa versjonen vart nytta på alle tidlege CD-eksemplar og var den einaste tilgjengelege versjonen i over 20 år. Ei nymastra og utvida utgåve av albumet kom ut 28. februar 2006, med tre konsertopptak som bonusspor. Dette var den første CD-utgåva med den originale miksen frå 1973. Seinare utgjevinga på digitale plattformer som iTunes har òg nytta den originale miksen.
Mottaking Albumet kom ut i juli 1973 til lunken mottaking. Steve Apple skreiv i september 1973 for Rolling Stone at sjølv om «Southern rock & roll » var blitt populær, var ZZ Top berre «eitt av fleire kompetente Southern rock-band», men dei hadde ein «fordel over dei fleste kvite rockeartistane» fordi dei høyrdest «svarte ut».
Ettermæle I 2003 vart albumet rangert på 498. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2012 vart albumet rangert på 490. plassen på ei revidert liste. Albumet nådde åttandeplassen på Billboard 200.
Singlar Den einaste singelen frå albumet var «La Grange» (med «Just Got Paid» frå det andre albumet til bandet, Rio Grande Mud) som nådde 41. plassen på Billboard Hot 100.
Innhald
Medverkande Billy Gibbons – gitar, vokal Dusty Hill – bassgitar, korvokal, andre solovokal på «Beer Drinkers and Hell Raisers» Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon Bill Ham – produsent Robin Brian – lydteknikar (Brian Studios) Terry Manning – lydteknikar, miksing, redigering (Ardent Studios) Bill Narum – design av plateomslag Galen Scott – fotografi
Salslister
Album År Liste Plassering 1974 Billboard Pop Albums 8
Singlar År Singel Liste Plassering 1974 «La Grange» Billboard Pop Singles 41 (Also debuted #33 on American Top 40. juni 29, 1974)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tres Hombres» frå , den 30. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:ZZ Top-album Kategori:London Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Bill Ham 490