El Loco er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top, gjeve ut i 1981. Tittelen tyder «Den galne» på spansk. Gitaristen og songaren i bandet, Billy Gibbons, har sagt at innspelinga av dette albumet var første gongen dei tre medlemmane i bandet var isolerte frå kvarandre i studio, i staden for at dei spelte inn musikken samstundes i same rommet. Det synte òg framover mot den meir synthesizer-baserte retninga seinare i tiåret, og dei eksperimenterte noko med synthesizer på enkelte spor.
Bakgrunn El Loco vart produsert av Bill Ham og spelt inn og opphavleg miksa av Terry Manning. I motsetnad til fleire av dei tidlegare albuma til ZZ Top, vart ikkje dette albumet miksa på nytt då det kom ut på CD i 1987. Den originale miksen har derfor alltid vore tilgjengeleg.
Innhald
Medverkande Billy Gibbons – gitar, vokal Dusty Hill – bassgitar, korvokal, solovokal på «Party on the Patio», andre solovokal på «Don't Tease Me» Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon Produsent – Bill Ham Lydteknikar – Terry Manning Før-produksjon - Linden Hudson Mastering – Bob Ludwig Design – Bob Alford Fotografi – Bob Alford
Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1981Pop Albums17
Singles – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1981«Leila»Pop Singles771981«Pearl Necklace»Mainstream Rock281981«Tube Snake Boogie»Mainstream Rock4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «El Loco» frå , den 30. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:ZZ Top-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Album produserte av Bill Ham Kategori:Warner Bros. Records-album