Alan Charles Lancaster () er ein engelsk bassist, mest kjend for å ha vore med å skipe det engelske rockebandet Status Quo. I tilegg til å skrive songar for bandet, var han ein av solovokalistane og song på songar som «Backwater», «Bye Bye Johnny», «High Flyer» og «Roadhouse Blues».
Alan Lancaster skipa gruppa i 1962 i lag med skulevenen Francis Rossi. Den siste konserten hans som fullverdig medlem av bandet var på Wembley Stadium den 13. juli 1985 for opninga av Live Aid. I mars 2013 vart han gjenforeint med bandet då dei spelte ei rekkje konsertar i Storbritannia.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alan Lancaster» frå , den 2. oktober 2018.
Kategori:Folk frå Peckham Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Status Quo-medlemmar Kategori:The Party Boys-medlemmar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Engelske låtskrivarar