Tore Lie () er ein norsk tidlegare turnar frå Bergen som vann fem kongepokalar i åra mellom 1973 og 1977. Han var medlem i Bergens Turnforening.
Lie høyrde til noregstoppen i turning frå slutten av 1960-talet og i ei tiårstid. Etter Åge Storhaug slutta var han den beste mannlege turnaren i landet og vart norsk meister i mangekamp i fem år på rad, 1973-77. Han deltok i Sommar-OL 1972 i München.
Kjelder
Kategori:Norske turnarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1972 Kategori:Kongepokalvinnarar i gymnastikk og turn Kategori:Folk frå Bergen