If You Can't Stand the Heat... er det ellevte studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo. Det vart spelt inn i Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland og produsert av Pip Williams. Albumet kom ut i oktober 1978 og nådde tredjeplassen på den britiske albumlista. For første gongen nytta Status Quo ei blåserekkje på albumet, The David Katz Horns, i tillegg til ein korvokaltrio, Jacquie Sullivan, Stevie Lange og Joy Yates.

«Again and Again» var den første singelen frå albumet, og denne nådde 13. plassen på den britiske singellista. Ein annan singel kom ut frå albumet, «Accident Prone», som nådde 36. plassen på singellista.

Innhald

Medverkande Francis Rossi — gitar, vokal Rick Parfitt — Rhythm gitar, vokal Alan Lancaster — bass, gitar, vokal John Coghlan — trommer

Andre medverkande Andy Bown — klaverinstrument, korvokal Frank Ricotti - perkusjon Jacquie Sullivan — korvokal Stevie Lange — korvokal Joy Yates — korvokal The David Katz Horns - blåsarar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «If You Can't Stand the Heat...» frå , den 4. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Status Quo-album Kategori:Vertigo Records-album