Alexander McLeish () er ein skotsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Glasgow. Han var midtstoppar på Aberdeen FC då klubben vann cupvinnarcupen 1983.

Spelar Klubbspel McLeish var midtstoppar på Aberdeen FC frå debuten i januar 1978 til han la opp sommaren 1994. Gjennom 16 sesongar var han med om å vinne tre seriemeisterskap og fem finalar i den skotske cupen. Høgdepunktet for McLeish og lagkameratane var triumfen i cupvinnarcupen 1983, på Nya Ullevi i Göteborg sigra dei med 2-1 mot Real Madrid etter ekstraomgangar.

Landslagsspel McLeish hadde tilnærma fast plass i midtforsvaret til Skottland tiåret 1980-90. Han deltok under VM i fotball 1990, men fekk berre tre landskampar etter meisterskapen. Frå debuten i mars 1980 til han fekk siste landslagsoppdraget i februar 1993 spelte han 77 kampar i Skottland-drakt, utan å skåre eit einaste mål.

Merittar Vinnar av cupvinnarcupen: 1983 med Aberdeen FC Skotsk ligameister: 1980, 1984, 1985 med Aberdeen FC Skotsk cupmeister: 1982, 1983, 1984, 1986 og 1990 med Aberdeen FC

Trenar McLeish var lagsjef for Rangers FC frå 2001 til -06, ein periode der klubben vann to cupfinalar og like mange ligatitlar. I 2011 leidde han Birmingham City til siger i den engelske ligacupfinalen. McLeish var landslagssjef for Skottland i 2007, ein jobb han òg har hatt sidan februar 2018.

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Alex McLeish» frå , den 7. oktober 2018.

Kategori:Skotske fotballspelarar Kategori:Skotske fotballtrenarar Kategori:Aberdeen-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990