Volodimir Fjodorovitsj Muntjan () var ein fotballspelar og -trenar frå Kotovsk som sanka ei titals pokalar som Dynamo Kiev-spelar. Han var midtbanespelar og i 1969 vald til årets spelar i Sovjetunionen.
Klubbspel Muntjan var fødd i Moldavia, men voks opp i Kiev. Frå 1966 spelte han på Dynamo Kiev og vann i tida 1966 og 1977 den sovjetiske seriemeisterskapen heile sju gongar og den sovjetiske cupmeisterskapen ved to høve. Høgdepunktet for Muntjan og Dynamo kom då laget vann 3-0 over ungarske Ferencváros i finalen i cupvinnarcupen 1975 i Basel. Etter ei alvorleg ulukke i 1978 la han opp som aktiv.
Landslagsspel Frå 1968 til 1976 spelte Muntjan 49 landskampar for Sovjetunionen og skåra sju mål i desse kampane. Han deltok i VM i fotball 1970 i Mexico, der det sovjetiske laget rauk ut i kvartfinalen mot Uruguay. Derimot fekk han ikkje vere med då Sovjetunionen vann semifinalen og tapte finalen under EM i fotball 1972.
Merittar Vinnar av cupvinnarcupen: 1975 med Dynamo Kiev Sovjetisk seriemeister: 1966, 1967, 1968, 1971, 1974, 1975, 1977 med Dynamo Kiev Sovjetisk cupmeister: 1966 og 1974 med Dynamo Kiev
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vladimir Muntjan» frå , den 8. oktober 2018.
eu-football
Kategori:Ukrainske fotballspelarar Kategori:Dynamo Kiev-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1972