Never Too Late er det 14. studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, produsert av gruppa og John Eden. Albumet kom ut 13. mars 1981, og vart spelt inn under same innspelinga som det førre albumet, Just Supposin'. Albumet nådde andreplassen på den britiske albumlista.

Det kom berre ut ein singel frå albumet, ein versjon av «Something 'Bout You Baby I Like» (tidlegare spelt inn av Tom Jones, og Glen Campbell med Rita Coolidge), med B-sida 'Enough Is Enough'. Det vart laga musikkvideo til songen, regissert av Godley and Creme.

Dette albumet var det siste med «frantic four»-besetninga av bandet, sidan trommeslagaren John Coghlan slutta i bandet i 1981. Han vart erstatta av Pete Kircher året etter.

Innhald

Medverkande Francis Rossi - gitar, vokal Rick Parfitt - gitar, vokal Alan Lancaster - Bass John Coghlan - trommer

Andre medverkande Andy Bown - klaverinstrument Bernie Frost - korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Never Too Late (Status Quo album)» frå , den 9. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Status Quo-album Kategori:Vertigo Records-album