In the Army Now er det 17. studioalbumet av det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut 29. august 1986 av Vertigo Records. Det vart innspelt i Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire og Jacobs Studios i Surrey, og var det første albumet deira med besetninga som oppstod etter Live Aid, med bassisten Rhino Edwards og trommeslagaren Jeff Rich, som begge kom inn i bandet i mars 1986.

«Eg var blitt fortalt at ingen i selskapet var interesserte i Quo med [bassist Alan] Lancaster og [gitarist Rick] Parfitt» fortalte frontmannen Francis Rossi. «Dei ønskte Parfitt og meg. Eg fekk òg vite at med mindre me gjorde noko i lag, så måtte me betale attende dritmykje pengar… Eg gjorde det heilt klart at eg ikkje kom til å spele med Lancaster igjen, men åtvara oss om at han kom til forby oss å fortsette utan han. Og då me vann gjekk han heilt bananas.»0 Albumet inneheld ein versjon av «In the Army Now», som først vart spelt inn i 1981 av den nederlandske duoen Rob and Ferdi Bolland, og «Speechless», av den tidlegare Mott the Hoople-songaren Ian Hunter frå 1983 på albumet All of the Good Ones Are Taken.

«Tittelsporet var veldig bra», sa Parfitt seinare om albumet, «men det hadde for mykje fyllmasse.»

Innhald

Medverkande Status Quo Francis Rossi – gitar, vokal Rick Parfitt – gitar, vokal Jeff Rich – trommer Andrew Bown – klaverinstrument, korvokal John «Rhino» Edwards - bass, korvokal

Teknisk Pip Williams – produsent Dave Edmunds – produsent (på «Rollin' Home» og «Red Sky») Tim 'Ted' Summerhayes – lydteknikar (utanom «Rollin' Home» og «Red Sky») Simon Sullivan – remiksing (på «Calling», «In Your Eyes», «Save Me» og «In the Army Now») Gordon Vicary – mastering (i Townhouse Studios i London) Mark Wilkinson – plateomslag

Salslister Liste (1986) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «In the Army Now (album)» frå , den 10. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Status Quo-album Kategori:Musikkalbum frå 1986 Kategori:Album produserte av Dave Edmunds Kategori:Vertigo Records-album