Fool for the City er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Foghat, gjeve ut i 1975. Dette var det første platinaalbumet deira i USA og i lag med tittesporet inneheld albumet signaturlåten deira, «Slow Ride». Dette var òg det første albumet deira etter at det opphavlege medlemmet Tony Stevens slutta, og vart spelt inn med produsenten Nick Jameson på bass og klaverinstrument. Han var òg medlåtskrivar på avslutsningssporet på albumet, «Take It Or Leave It», med Dave Peverett. Bassisten Craig MacGregor vart henta inn i bandet kort tid etter albumet kom ut.

Plateomslaget syner trommeslagaren Roger Earl som sit aleine på ein liten kasse og fiskar i ein kum midt på East 11th Street i New York City.

Innhald

Medverkande Lonesome Dave Peverett - solovokal, gitar Rod «The Bottle» Price - gitar, slidegitar, steelgitar, vokal Roger Earl - trommer, perkusjon Nick Jameson - bassgitar, klaverinstrument, gitar, vokal, produsent, lydteknikar Tony Loew - fotografi Tony Outeda - koordinator

Salslister Singlar - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1975«Slow Ride»Popsinglar201976«Fool for the City»Popsinglar45

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fool for the City» frå , den 11. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Foghat-album Kategori:Bearsville Records-album Kategori:Rhino Records-album