John Wesley Carlos () er ein amerikansk tidlegare friidrettsutøvar. I Sommar-OL 1968 vann han bronsemedalje i 200 meter sprint. Under medaljeutdelinga vart han vidkjend for ei omstridd Black Power-helsing, saman med Tommie Smith.Aftenposten Historie Nr. 9 2018 Han var seinare utøvar i National Football League og Canadian Football League, la opp etter ein skade.
Aktiv Våren 1967 i Texas sette Carlos personleg rekord på 200 m med 20,2 sekund. I dei panamerikanske leikane i Winnipeg i slutten av juli 1967 var han heilt suveren på 200 meter, vinnartida 20,5 var fire tidels sekund betre enn det nummer 2 presterte.
12. september 1968, ved det US-amerikanske uttaket i South Lake Tahoe til dei olympiske leikane i Mexico, sigra Carlos framom Tommie Smith på tida 19,7 på 200 m, mot Smiths 19,9. Begge tidene var under den gjeldande verdsrekorden på 20,0. Men løpstidene vart aldri godkjende som rekord, då begge nytta seg av «ett par nya skor av märket Puma där de traditionella åtta spikarna bytts ut mot 68 korta nabbar som påstods ge ett betydligt bättre grepp i gummiasfalten»Friidrott -69, Nyhamnsläge. 1969, regelverket tillet ikkje meir enn åtte piggar. Elektronisk vart Carlos målt til 19,92 sekund og det er hans personlege rekord på distansen.
mini|venstre|Tommie Smith og John Carlos med Black Power-helsinga på toppen av pallen i 1968. Australske Peter Norman på sølvplass stilte seg solidarisk I OL-finalen på 200 meter den 16. oktober i Mexico-byen vart Carlos bronsemedaljør på tida 20,10, hans nest beste løp nokon gong. Landsmannen Tommie Smith og australske Peter Norman vann respektive gull og sølv på 19,83 og 20,06 sekund. Under prisutdelinga lyfta dei to amerikanarane kvar sin svarte, hanskekledde neve, den afroamerikanske borgarrettsrørsla Black Power sitt teikn. Sølvvinnar Norman, ein erklært motstandar av White Australia Policy, bar ein plansje frå 'Olympic Project for Human Rights' i solidaritet. Den internasjonale olympiske komiteen kravde at Smith og Carlos omgåande måtte reise frå den olympiske landsbyen og stengast ute frå USA si OL-tropp, noko som vart etterkome etter enda strengare truslar frå IOK. Nordlands Framtid, 18. oktober 1968
I 1969 vann Carlos 220 yards under AAU-meisterskapen. Også ved den den nordamerikanske college-meisterskapen (NCAA) triumferte han på 220 yards. Hans personbeste på 100 meter er 10,0, oppnådd i South Lake Tahoe i 1968. Han slutta med friidrett i 1970.
Sidan spelte Carlos ein sesong amerika-foball for Philadelphia Eagles i NFL. Deretter gjorde han teneste i Montreal Alouettes og til sist Toronto Argonauts.
Kjelder
World Athletics
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Folk frå New York City