Joan Baez in Concert, Part 2 var det andre konsertalbumet til Joan Baez, spelt inn under turneen hennar i USA tidleg i 1963. Albumet nådde sjuandeplassen på Billboard Pop Albums-lista.

Historie In Concert, Part 2 er det første Baez-albumet med songar av Bob Dylan: «Don't Think Twice It's Alright» og «With God on Our Side» (i følgje Baez den første Dylan-songen ho lærte seg). Innspelinga hennar av «We Shall Overcome» vart spelt inn i Miles College i Birmingham i Alabama same dagen som massearrestasjonane av borgarrettsdemonstrantane i mai 1963.

Teksten på plateomslaget inneheld eit dikt av Bob Dylan utan tittel, med det gjentakande temaet «An' I walked my road an' sung my song», som refererer til forholdet mellom dei to.

På den originale vinylutgåva til Vanguard hadde stereo- og monoutgåva forskjellig innhald. Songen «With God on Our Side» frå stereoutgåva, var ikkje med på monoutgåva. I staden for hadde monoutgåva «Railroad Bill» og «Rambler Gambler».

I 1988 gav Vanguard ut det meste av Part 2 i lag med det meste av Part 1 på ein enkel CD kalla Joan Baez in Concert (det var ikkje plass til begge albuma på ein enkel CD).

Ei utgåve frå Vanguard frå 2002 inneheld alle songane frå stereo- og monoutgåvene, i tillegg til tre bonusspor som ikkje var gjeven ut før: «Death of Emmett Till,» «Tomorrow is a Long Time» og «When First Unto This Country A Stranger I Came.»

Mottaking

I meldinga si for Allmusic skreiv Richie Unterberger om album «Repertoaret hennar utvikla seg frå reint tradisjonelle viser til å dekke songar av moderne visesongarar. Endringa var likevel ikkje så radikal at ho framandgjorde fansen sin, og albumet inneheld framleis mange tradisjonelle viser av typen som lanserte karrieren hennar. Å spele nye songar gjorde mykje for å hindre at ho fall inn på «maiden-of-constant-sorrow»-sporet.»

Innhald Alle songane er tradisjonelle utanom der andre er nemnde. Original stereoutgåve

Original monoutgåve

Medverkande Joan Baez – vokal, akustisk gitar Reice Hamel - lydteknikar

Salslister ÅrListePlassering1964Billboard Pop Albums7

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joan Baez in Concert, Part 2» frå , den 13. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Joan Baez-album Kategori:Konsertalbum frå 1963 Kategori:Vanguard Records-album