mini|Iljusjim IL-96 frå Cubana

Iljusjin Il-96 er eit russisk firemotors breibuksfly for mellom- og langdistanseruter. Det blei utvikla av Iljusjin og produsert av Voronezh Aircraft Production Association i Voronezj i Russland.

Prototypen flaug fyrste gong 28. september 1988. Flyet vart sertifisert 29. desember 1992 og vart teke i bruk av Aeroflot i 1993 under nemninga Il-96-300. I 1997 vart produksjonen av fraktvarianten Il-96T starta. Dette har eit forlenga skrog og kraftigare motorar. Ein tilsvarande variant for passasjertrafikk har vore under utvikling som Il-96M.

I 2025 blei flyet nytta kommersielt som passasjerfly av Cubana de Aviación og som fraktefly av Sky Gates Airlines. Ein ombygd versjon av Il-96 blir nytta som russisk presidentfly.

Spesifikasjonar Tekniske dataIl-96-300Il-96TIl-96MLengd55,35 m63,94 m64,70 mVengespenn60,11 m60,11 m60,11 mHøgd17,55 m15,72 m15,72 mVingeareal391,60 m²391,60 m²391,60 m²Netto vekt117 000 kg132 400 kg132 400 kgMaksimal lasta vekt216 000 kg270 000 kg270 000 kgMotor4× Solovjev PS-90A turbofan4× Pratt & Whitney PW2337 turbofan4× Pratt & Whitney PW2337 turbofanYtingarIl-96-300Il-96TIl-96MMotoryting156,9 kN per motor164,6 kN per motor164,6 kN per motorMarsjfart850 []km/t]]850 km/t830 km/tRekkjevidd9 000 km9 700 km11 482 km Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Iljusjin Il-96» frå , den 15. oktober 2018.

Kategori:Passasjerfly