Noël er eit julemusikkalbum av Joan Baez, gjeve ut i 1966.
Ho arbeidde med arrangøren og dirigenten Peter Schickele (PDQ Bach) og det var første gongen Baez ikkje nytta det vanlege gitarbaserte viseformatet. Ho arbeidde vidare med Schickele på dei to neste albuma hennar, som begge bestod av klassisk instrumentering.
I motsetnad til julemusikkalbum av mange andre populære artistar, tok Baez stort sett med tradisjonelle songar, og unngjekk meir letthjarta og kommersielle julesongar til fordel for ein meir melankolsk og underdriven tone. Ho tok med både kjende («The Little Drummer Boy») og meir obskure («Down in Yon Forest») songar. Albumet inneheld fleire korte instrumentalar arrangerte av Schickele.
Innhald Original LP
Baez dediserte «The Carol of the Birds» til Pablo Casals.
Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:USA-amerikanske julemusikkalbum Kategori:Joan Baez-album Kategori:Vanguard Records-album Kategori:Studioalbum frå 1966