Knut Andreas Agersborg (fødd 1766 på Rynes i VefsnKyrkjebok, dåp Dolstad 1766 og døydde same stad 30. april 1847Kyrkjebok Dolstad gravl. 1847) var ein norsk stortingsmann. Foreldra var Maren Larsdtr Hass og lensmann Petter Dass Agersbrog, Rynes. Knud Agersborg arbeidde som medhjelpar for far sin og overtok lensmannsstillinga i Vefsn etter at faren døydde i 1797, og han var i ombodet i 1838. Ved stortingsvalet 1823 fekk han like mange valmannsstemmer som proprietær J.G. Walnum, Herøy. Etter loddtrekking fekk Walnum stortingsplassen mens Agersborg vart første varamann. På det «4de ordentlige Storting» var det likevel Agersborg som møtte, sidan Walnum meldte sjukdomsforfall. Her fekk han plass i komiteen for jordbruk og fedrift.T. Lindstød (1914): «Stortinget og Statsraad 1814–1914» 2. bind.

Kjelder

Kategori:Folk frå Vefsn Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Lensmenn