mini|2S25 Sprut-SD 2S25 Sprut-SD (russisk 2С25 «Спрут-СД», 'blekksprut') er ein sjølvdriven panservernkanon eller panserjagar laga for dei russiske luftlandestyrkane. Han er eigna til å slå ut stridsvogner, pansra personellkøyretøy og andre pansra mål. Kanonen (2A75) er glattbora i kaliber 125-mm og kan bruke ammunisjon som APFSDS, høgeksplosivar, HEAT og panservernmissil. Dermed kan 2S25 vere like effektiv som ei stridsvogn, og kan òg nyttast av til dømes marineinfanteri og hærstyrkar, men det er ikkje mange av 2S25 i operativ bruk enno.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «2S25 Sprut-SD» frå , den 20. oktober 2018.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Russia pushes airdrop anti-tank gun - IHS Jane's 360 Self-propelled antitank gun SPTP 2S25 «Sprut-SD»: Ministry of Defence of the Russian Federation 2S25 Sprut-SD - REDSTARS (In French)

Kategori:Sjølvdrive artilleri Kategori:Panservern Kategori:Russisk militærutstyr