James Joseph Marshall () var ein amerikansk fotograf, ofte av rockestjerner. Han hadde tilgang til mange musikarar gjennom 1960- og 1970-åra, og var mellom anna bak scenen på den siste betalte konserten til The Beatles i Candlestick Park i San Francisco, og han var hovudfotografen på Woodstockfestivalen.
Han vart hyrt av Atlantic Records og Columbia Records til å fotografere artistane deira. Bileta hans er på plateomslaga til meir enn 500 plater og enno fleire bilete vart publiserte i Rolling Stone. Han fotograferte Jimi Hendrix som sette fyr på gitaren sin på Monterey Pop Festival, og Johnny Cash i San Quentin.
Bileta hans av Neil Young, Janis Joplin, Bob Dylan, Jim Morrison, Allman Brothers, The Who, Led Zeppelin, Grateful Dead, Jefferson Airplane, Guns N' Roses, Santana og The Beatles var med å definere desse og sjølve rock and roll-fotografia i seg sjølv. Marshall fotograferte òg jazzmusikarar som Thelonious Monk, John Coltrane og Miles Davis.
I 2014 fekk Marshall posthumt ein Trustees Award (som er ein del av Lifetime Achievement Awards) under Grammyprisutdelinga det året
Personleg liv Marshall hadde ikkje barn og i 1967 var han kjæraste med Abigail Folger, som vart drepen i 1969 av følgjarne til Charles Manson.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jim Marshall (photographer)» frå , den 20. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Jim Marshall Clothing
Kategori:USA-amerikanske fotografar