Isop (Hyssopus officinalis) er ein plante i leppeblomfamilien som er blitt brukt til matlaging og urtemedisin.

Isop dannar ein dvergbusk som blir 30–90 cm høg. Han har eggforma blad somer heile eller rundtanna. Blomane dannar lange aks i toppen av greinene. Dei er som regel blå,men kan også vera rosa eller kvite. Planten har ei stram krydderlukt.

Planten stammar frå Sør-Europa og Vest-Asia. I oldtida blei han brukt i seremoniar, og ble i oldtiden brukt ved seremonier (nevnt i Bibelen), i nyere tid medisinsk. I folkemedisinen er isop blitt brukt mot nattesveitte, luftvegskatarr, gikt og magetrøbbel.

Han er ein framandart som veks forvilla nokre stader i Noreg, på tørre bakkar og knausar.

Blad og blomsar gjev ein bittersøt smak til sitrondrikk og kan også brukast i salatar og grønsaksupper. Urten tar bort transmak frå feit fisk, og er difor eit godt krydder for sild.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Isopslekta Kategori:Urter Kategori:Medisinplantar