mini|«Gigue» frå Suite nr. 2 for cello BWV 1008 av Bach. Suite (fransk 'rekkje', også Partita) er ei samanstilling av musikkstykke med og utan dansekarakter. Suiten er den tidlegaste typen musikkstykke med fleire satsar i europeisk instrumentalmusikk, og hadde ei stordomstid hjå Johann Sebastian Bach.

Suiten er ei form som særleg vart brukt i barokken. Normalt er alle satsane i same toneart. Dei er sånn sett saman at dei dannar kontraster - først ein langsam, så ein hurtig dans og så bortetter. Vanlege kombinasjonar er allemande (langsam) - courante (hurtig) - sarabande (langsam) - gigue (hurtig). Mellom desse satsane kan stykke av ulik karakter vere plassert.

Seinare blei «suite» brukt om fleire syklusar sett saman av mindre stykke, til dømes av scenemusikk sett saman for konsertoppførring. Særleg i romantikken blei utdrag av scenemusikk skrivne til eit skuespel kalla suite.

Døme Camille Saint-Saëns: Suite op. 49 (suite i barokkstil) Suite algérienne op. 60 (folkloristisk suite) Edvard Grieg: Peer Gynt Suite (skodespelmusikk) Fra Holbergs tid (barokk og folkloristisk) Gabriel Fauré: Pelléas et Mélisande (skodspelmusikk) Nikolaj Rimskij-Korsakov: Scheherazade (illustrerer ei forteljing)

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Suite (musikk)» frå , den 26. august 2012.

suite – musikk (09.05.2012) i Store norske leksikon.

Kategori:Musikkformer