«Restless Farewell» er ein song av Bob Dylan, gjeve ut på det tredje studioalbumet The Times They Are a-Changin' i 1964. Han er basert den irske folkevisa «The Parting Glass». I 1995 framførte Dylan songen på TV-sendinga Sinatra: 80 Years My Way i høve 80-årsdagen til Frank Sinatra.

I 1968 spelte Joan Baez songen på det doble Dylan-albumet hennar, Any Day Now. De Dannan spelte inn ein versjon i 1991 på albumet Half Set in Harlem. Robbie O'Connell framførte songen som medlem av Clancy, O'Connell, and Clancy i 1997 på albumet med same namn. På samlealbumet Chimes of Freedom: The Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International frå 2012, vart songen framført av Mark Knopfler.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Restless Farewell» frå , den 4. november 2018.

Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Mark Knopfler-songar