mini|Kvinne frå Jemen med nikab.

Nikab (niqāb) er eit hovudplagg som dekker heile andletet, men ikkje auga. Plagget vert bore av nokre muslimske kvinner som ein del av ein heildekkande hidsjab. Plagget vert brukt mykje i delar av Midtausten, men kan òg finnast brukt i Nord-Afrika, Søraust-Asia og det Indiske subkontinent. Plagget er mest utbreidd i landa på Den arabiske halvøya.Facinghistory - A Brief History of the Veil in Islam (besøkt 29.11.2015)

Opphav Det vert av og til hevda at ansiktsløret opphavleg var ein del av kvinna si bekledning i nokon klasser i det bysantinske imperiet, og at det så vart teke inn i muslimsk kultur etter den arabiske erobringa av Midtausten.Sjå til dømes F.R.C. Bagley, "Introduction", in B. Spuler, A History of the Muslim World. Likevel, sjølv om bysantinsk kunst før Islam viser kvinner med tilsløra hovud/hår, så viser den aldri kvinner med tilsløra andlet. Den greske geografen Strabo, som skreiv i det første hundreåret e.Kr. refererer til nokre persiske kvinner som dekte andletet, og den kristne forfattaren Tertullian, som levde i det tredje hundreåret, refererer i verket Tilsløringa av jomfruer til to heidenske kvinner i Arabia som ber eit slør som dekker heile andletet.The Veiling of Virgins Ch. 17. Tertullian skriver, "De hedenske kvinner i Arabia, som ikke bare dekker sine hoder, men også hele ansiktet, slik at de heller vil nyte halve lyset med ett øye enn å prostituere sitt ansikt, vil dømme deg. (Judicabunt vos Arabiae feminae ethnicae quae non caput, sed faciem totam tegunt, ut uno oculo liberato contentae sint dimidiam frui lucem quam totam faciem prostituere)." Desse tidlege kjeldene viser at det fanst bruk av ansiktslør blant kvinner i Arabia og Persia lenge før islam.

Forbod Nytta av ansiktdekkende slør har vore omstridt moderne tid. Spesielt i den vestlege verda der enkelte land har nedlagt forbod mot det. I 2015 fekk Frankrike medhald av Den europeiske menneskerettsdomstolen for eit slikt forbod for offentleg tilsette. Eit tilsvarande forbod mot å dekkja til andletet på offentleg stad fekk støtte frå same domstol i 2014.NRK - Slør-forbud ikke i strid med menneskerettighetene (27.11.2015) Fleire andre land har heilt eller delvis forbod eller restriksjonar mot ansiktdekkande slør.

Det finst òg ulike forbod mot plagget i fleire muslimske land, som i Tyrkia, Syria,"Syria's Solidarity With Islamists Ends at Home", Nytimes.com, 3 September 2010; retrieved 4 September 2010. og Egypt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Niqab» frå , den 8. november 2018.

Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Hovudplagg Kategori:Islam