«I Dreamed I Saw St. Augustine» er ein song av Bob Dylan frå 1967 på albumet hans John Wesley Harding. Han vart spelt inn under den første John Wesley Harding-innspelinga den 17. oktober 1967. Songen er blitt spelt av mange artistar, inkludert Joan Baez på albumet Any Day Now, i tillegg til Vic Chesnutt, Eric Clapton, John Doe, Thea Gilmore, Adam Selzer og Dirty Projectors. I tillegg hadde Jimi Hendrix ein gong tenkt å spele songen, men følte at han var for personleg for Dylan og spelte i staden ein annan song frå albumet, «All Along the Watchtower».

«I Dreamed I Saw St. Augustine» er ein tungsindig ballade. Som på resten av John Wesley Harding har musikken eit enkelt arrangement. Hovudinstrumenta er ein akustisk gitar og trommer. Teksten skildrar ein draum som er gåtefull og gjev høve for tolking. Teksten indikerer ei djup skuldkjensle, i tillegg til eit syn om tru, rettferd, frykt og forræderi.

I ei undersøking blant andre musikarar i 2005 i Mojo, vart «I Dreamed I Saw St. Augustine» rangert på 76. plassen på lista over dei 100 beste Bob Dylan-songane.

Dylan spelte songen på konsertar, i eit langsamt valsarrangement, på Isle of Wight-festivalen i 1969, ein konsert som finst på The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971). Han spelte òg songen på Rolling Thunder Revue i 1970-åra og med Heartbreakers i 1980-åra, en har sjeldan spelt songen sidan den gongen..

I 2016 gav Eric Clapton ut sin versjon av songen på albumet I Still Do.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Dreamed I Saw St. Augustine» frå , den 9. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Teksten

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Joan Baez-songar