Dronninga av Saba er ein figur kjend frå jødisk, kristen og muslimsk tradisjon. Ho vert omtalt i Første kongebok og Andre Krønikebok i Bibelen, i Koranen og i etiopiske Kebra Nagast.

Ein del historikarar har identifisert Saba med eit sørarabisk kongedøme, Sabaʾ, som låg i noverande Jemen. Det finst ikkje historiske prov på at dronninga har eksistert.National Geographic, issue mysteries of history, september 2018, s.45.

venstre|mini|Etiopisk freske i Addis Ababa av dronninga Saba som reiser til kong Salomo.

Legender Ifølgje nokre legendariske tradisjonar utanom Bibelen fekk dronninga av Saba eit barn med Salomo, sonen Menelik, som vart konge over Etiopia. Dette er blant anna attgjeve i verket Kebra Negast frå 1300-talet. Trua på at Salomo fekk etiopiske etterkommarar har spelt ei rolle i den etiopiske ortodokse kyrkja og seinare i rastafarianismen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dronningen av Saba» frå , den 13. november 2018.

Referansar

Kategori:Personar i Den hebraiske bibelen Kategori:Kvinner i Bibelen