Mary Baker Eddy () var ein amerikansk forfattar som grunnla Christian Science-rørsla.

mini|The Boston Journal om gravferda til Eddy

Eddy var fødd som Mary Morse Baker på ein gard i Bow i New Hampshire. Ho var plaga av sjukdom heile livet, og fekk blant anna mesmerismebehandling. Etter kvart tok ho avstand frå denne og andre handsamingar og utvikla sin eigen teori i hovudverket Science and Health (1875) om at lækjing av sjukdom utelukkande fann stad gjennom ånd og tru. «Mennesket er bevissthet og ånd, mens materien og det kroppslige, som sykdom, alder og død, er illusjon.» Ho såg på teoriane sine som ein ny vitskap.Kjelde for sitat og vurderingar er innleiinga til Tonje M. Mehren og Jeanette Sky si bok New Age, 2007

Hovudverket Videnskap og helse : med nøkkel til skriften (Science and Health) er utgjeve på norsk i fleire utgåver, sist i 1994. Eit utdrag er utgjeve i antologien New Age, 2007.

Eddy døydde i Chestnut Hill i Massachusetts. I 1995 vart ho innvotert i Kvinnenes æresgalleri i USA.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mary Baker Eddy» frå , den 20. november 2018.

Bakgrunnsstoff Biografi i Encyclopædia Britannica nps.gov Mary Baker Eddy House

Kategori:Religionsstiftarar Kategori:Kvinnenes æresgalleri i USA Kategori:Folk frå New Hampshire