«Heart of Mine» er ein song av Bob Dylan som kom ut i 1981 på albumet hans Shot of Love. Songen vart spelt inn 15. mai 1981, og kom ut på singel. Singelen nådde åttandeplassen på VG-lista i Noreg. Eit konsertopptak av songen kom ut på Biograph i 1985.

Blant artistar som har spelt songen finn ein Norah Jones, Mountain, Steve Gibbons, Blake Mills, Maria Muldaur og Ulf Lundell.

Medverkande Ringo Starr – Tom-tom-trommer Ronnie Wood – Gitar Donald «Duck» Dunn – Bass

Utgjeving I Europa kom «Heart of Mine» ut på singel i juli 1981 med ei lengd på 3:30 (korta ned frå 4:32 på albumet). B-sida var «Let It Be Me», skriven av M. Curtis, P. Delanoe og G. Becaud. Dylan hadde gjeve ut ein annan versjon av denne songen i 1970 på albumet Self Portrait, men B-sida til «Heart of Mine» var ei nyinnspeling. Singelen nådde åttandeplassen i Noreg og låg seks veker inne på Topp 10.

I USA kom singelen ut i september 1981 med B-sida «The Groom's Still Waiting at the Altar». «The Groom's Still Waiting at the Altar» var ikkje med på den originale utgåva av Shot of Love, men kom først ut på Biograph i 1985. Seinare vart han derimot lagt til Shot of Love.

Andre versjonar Norah Jones og Peter Malick spelte inn songen i 2003 på albumet New York City og denne vart nytta i filmen Runaway Jury i 2003 under rulleteksten.IMDB «Soundtrack of film Runaway Jury» Henta 14. oktober 2016. Mountain spelte songen på albumet deira Masters of War, og Steve Gibbons spelte han inn på Dylan Project 2. Maria Muldaur gav ut songen på albumet Heart of Mine: Love Songs of Bob Dylan, i tillegg til at ho gav ut konsertopptak av songen på Live in Concert. Danielle Haim og Blake Mills spelte inn songen på Chimes of Freedom: Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International. Ulf Lundell gav ut ein versjon på svensk kalla «Hjärtat mitt» i 1984 på albumet hans, Sweethearts, og eit konsertopptak på Maria kom tillbaka: Live.

Salslister Liste (1981)PlasseringNorske VG-lista8

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Heart of Mine av Bob Dylan» frå , den 2. desember 2018.

Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar produserte av Bob Dylan Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Norah Jones-songar Kategori:Ulf Lundell-songar