Live at Carnegie Hall 1963 er ei utgjeving av ein konsert med seks songar av Bob Dylan. Det kom ut som ein EP på Columbia Records i 2005. Songane vart spelte inn 26. oktober 1963 i Carnegie Hall i New York City.
Innhald Alle songane er skriven av Bob Dylan.
Fire andre songar frå denne konserten er blitt gjevne ut på andre Bob Dylan-samlingar: «Talkin' John Birch Paranoid Blues» og «Who Killed Davey Moore?» som begge kom ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991, medan «A Hard Rain's A-Gonna Fall» og «When the Ship Comes In» kom ut på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack.
Dei ni attverande songane som vart framført på konserten kom ut i 2013 på ei europeisk, avgrensa vinylutgåve kalla The 50th Anniversary Collection 1963, gjeve ut på Columbia Records for å hindre at ei rekkje Dylan-innspelingar lovleg hamna i offentleg eige i Europa. Desse ni songane er «Blowin' in the Wind», «Percy's Song», «Seven Curses», «Walls of Red Wing», «Talkin' World War III Blues», «Don't Think Twice, It's All Right», «Only a Pawn in Their Game», «Masters of War» og «The Lonesome Death of Hattie Carroll».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Live at Carnegie Hall 1963» frå , den 18. desember 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:EP-ar frå 2005 Kategori:Konsertalbum frå 2005 Kategori:Album spelte inn i Carnegie Hall Kategori:Konsertalbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-EPar