Ytringsfrihetsforbundet (YFO) er eit registrert livssynssamfunn i Brønnøysundregistret. Forbundet er stifta for å «gje medlemmene ei felles ramme og kjensle av tilhøyrsle rundt det å tenke og tale fritt» og for å «kjempe mot totalitære tendensar, politisk søme og andre åtak på dei reelle liberale verdiane som blei bygde opp i Europas historie».
Ytringsfrihetsforbundet vil søke offentleg økonomisk stønad på lik linje med andre livssynssamfunn i Noreg. Det vil årleg dele ut ein ytringsfridomspris, og arrangere seminar og samankomstar for medlemmer, andre inviterte og ålmenta. Det hadde per 27. desember 2018 passert 500 medlemmer, og med det passert den nedre grensa for offentleg stønad.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Norske organisasjonar Kategori:Skipingar i 2018