Statens balletthøgskole var ein skule i Oslo for å utdanne dansarar, dansepedagogar og koreografar, og hadde eineansvaret i Noreg for denne utdanninga på høgskulenivå. Skulen vart skipa i 1979, og vart formelt ein høgskule i 1982.
I 1996 vart Ballethøgskolen ei avdeling av Kunsthøgskolen i Oslo, og frå hausten 2017 vart namnet endra til Kunsthøgskolen i Oslo – avdeling Dans.
Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg Kategori:Skipingar i 1979 Kategori:Kunsthøgskolen i Oslo