Blinde nattergaler er ei diktsamling skriven av Gunvor Hofmo som vart gitt ut i 1951. Boka er delt inn i tre delar med 31 dikt totalt. Bokomslaget er illustrert av Johnny Halvorsen. Dette er den tredje boka Hofmo gav ut. Byrjinga og tittelen refererer til nattergalar. Augo deira har vorte gravne ut og dei må dermed alltid synga om smerte. I Blinde nattergaler skjer det ei merkbar forandring i språket. Sorga etter å ha tapt ei venninne kjem synleg fram. «Den vage, ubestemmelige ungpikemelankolien ble hard, konkret sorg».I eit av dikta uttrykkjer ho synet sitt på menneske og Gud, der ho vender seg med ryggen mot ei verda der menneska har mista æra si. Ho skildrar også Gud som den skyldige for at menneske er blinde.

Kjeldeliste

Kategori:Gunvor Hofmo Kategori:Bøker frå 1951 Kategori:Norske diktsamlingar