The Mamas & the Papas er det andre studioalbumet til The Mamas & the Papas, gjeve ut i 1966. Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og 24. plassen i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «I Saw Her Again», klatra til femteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 11. plassen på UK Singles Chart. «Words of Love» kom ut som den andre singelen i USA og nådde femteplassen der. I Storbritannia vart han gjeven ut som ei dobbel A-side med «Dancing in the Street» (ein coverversjon av hitten til Martha and the Vandellas frå 1964) og nådde 47. plassen der.
Etter det vart oppdaga at gruppemedlemmen Michelle Phillips hadde eit forhold med Gene Clark i The Byrds, braut det ut krangling i bandet og Phillips fekk sparken frå gruppa 4. juni 1966. I juni vart ein ny songar henta inn for å erstatte ho. Jill Gibson var kjærasten til produsenten Lou Adler på den tida og hadde alt sunge på fleire Jan and Dean-album.
Biletet for framsida av omslaget var alt tatt, der Michelle Phillips var godt synleg. Dunhill fekk Gibson til å stille seg opp nøyaktig slik Michelle hadde gjort og la så det nye biletet over biletet av Phillips. Men dei tok så ei avgjersle om å ta eit heilt nytt bilete med den nye besetninga, og endre albumtittelen til Crashon Screamon All Fall Down. Fleire tusen eksemplar av denne utgåva vart sende ut til radiostasjonar og distribusjonsselskap, men då Michelle kom attende til gruppa like før albumet kom ut, vart det originale omslaget og den opphavlege tittelen henta attende. Eksemplar av den sjeldne Crashon-utgåva går i dag for høge summar mellom samlarar.
Albumet vart først gjeve ut på CD i 1988 og heile albumet finst på All the Leaves Are Brown, ei samling av dei fire første albuma deira.
Innhald
Medverkande Denny Doherty - vokal Cass Elliot - vokal John Phillips - vokal, gitar Michelle Phillips - vokal Jill Gibson - vokal Hal Blaine - perkusjon Larry Knechtel - orgel, piano Joe Osborn - bassgitar «Doctor» Eric Hord - gitar Tommy Tedesco - gitar P. F. Sloan - gitar Peter Pilafian - elektrisk fiolin Ray Manzarek - orgel, piano på «No Salt on Her Tail»
Teknisk Lou Adler - produsent Dayton «Bones» Howe - lydteknikar Henry Lewy - lydteknikar Bowen David - assisterande lydteknikar Jimmie Haskell - strykearrangement på «I Saw Her Again» Gene Page - blåsararrangement på «My Heart Stood Still» Guy Webster - fotografi George Whiteman - kunst
Salslister ÅrListePlassering1966Billboard 200 4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Mamas & the Papas (album)» frå , den 12. januar 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Mamas & the Papas-album Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Album produserte av Lou Adler Kategori:Dunhill Records-album