mini|høgre Los Nevados er eit av 15 sokn (spansk parroquia) som saman med byen Mérida i Venezuela gjer ut for kommunen Libertador i delstaten Mérida i Venezuela. Namnet kjem frå isbreane som tidlegare dekte dei nærliggande fjelltoppane León, Toro og Espejo. Is og permanent snø kom bort mot slutten av 1960-talet. Dette er eit landbruksområde, der dyrking av potetar, mais, kveite og kvitlauk framhevar seg. Folkesetnaden i soknet talde 516 personar i 2011.

Landsbyen Los Nevados blei grunnlagd i 1591. Han ligg i sørlege utkanten av soknet med same namn, og han ligg innanfor, og i vestre del av nasjonalparken Sierra Nevada. Landsbyen ligg ved foten av fjellet Toro i ei høgd på ca. 2710 moh. Hovudnæringa er i dag turisme.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Los Nevados» frå , den 13. januar 2019.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Byar i Venezuela