Everybody Knows er eit studioalbum av Stephen Stills og Judy Collins. Det var det første samarbeidet mellom dei to tidlegare kjærastane og langvarige venene. Det vart finansiert gjennom crowdfunding på PledgeMusic.

Bakgrunn Frå 1968 til 1969 var Stills og Collins kjærastar. Stills skreiv fleire songar om Collins, mellom andre «Suite: Judy Blue Eyes» og «Judy». Men trass i at Stills spelte på fleire av innspelingane til Collins, spelte dei aldri i lag som ein duo i studio eller på scenen. Stills sa at han og Collins hadde «snakka i mange år om å spele inn noko i lag», og dei gav til slutt ut Everybody Knows og la ut på turné i lag.

Utgjeving Everybody Knows kom ut 22. september 2017 og nådde 45. plassen på Billboard 200-lista.

Innhald

Medverkande Stephen Stills — vokal, gitar Judy Collins — vokal, gitar Tony Beard — trommer Marvin Etzioni — mandolin, mandocello (på «Everybody Knows») Kevin McCormick — bass Russell Walden — piano, orgel

Produksjon Produsentar — Alan Silverman, Collins, Etzioni, Stills Leiande produsent — Katherine DePaul Lydteknikar — Alex Williams Miksing — Silverman, Michael Colub, Mike Tierney, Paul Rolnick Mastering — Eleni Maltas

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Everybody Knows (Stills and Collins album)» frå , den 27. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Stephen Stills-album Kategori:Judy Collins-album Kategori:Musikkalbum frå 2017