Koji Kondo () er ein japansk musikar, komponist og lydregissør som arbeider for dataspelutviklaren Nintendo. Han er mest kjend for å ha komponert musikk for dataspela i seriane Super Mario og The Legend of Zelda, i tillegg til andre spel utvikla for Nintendo.

Kondo var opphavleg hyra av Nintendo i 1984, og vart den første personen som var tilsett i selskapet for å spesialisere seg i komposisjonar av musikk til dataspel. Kort tid etter vart han tilsett som lyddesignar i 1985-dataspelet Super Mario Bros. Komposisjonen for dette spelet er rekna som blant dei mest attkjennande innan dataspel.

Kondo er ofte rekna som ein av dei mest framståande komponistane i den popkulturelle sfæren som gjeld dataspel og andre digitale medium.

Kjelder

Kategori:Dataspelkomponistar Kategori:Japanske komponistar Kategori:Folk tilknytte Nintendo