What's Up, Tiger Lily? er ein USA-amerikansk komediefilm frå 1966, regissert av Woody Allen som regidebuten hans.

Allen tok ein japansk spionfilm, Kokusai himitsu keisatsu: Kagi no kagi, og overdubba han med heilt ny dialog som ikkje hadde noko med plottet til den originale filmen å gjere. Ved å setje inn nye scenar og omarrangere rekkefølgja på scenane i den originale filmen, endra han heilt tonen i filmen frå ein James Bond-klone til ein komedie om leitinga etter den beste eggesalatoppskrifta i verda.

Under postproduksjonen vart den originale timeslange TV-versjonen utvida med fleire scenar frå International Secret Police: A Barrel of Gunpowder og musikalske nummer av The Lovin' Spoonful. Denne opplevinga hjelpte til med å overtyda Allen om at han måtte sikra seg kreativ kontroll over alle dei framtidige prosjekta sine. The Lovin' Spoonful gav ut musikken på eit album. Louise Lasser, som var gift med Allen på den tida, var ein av stemmeskodespelarane for den nye dialogen. Det same var Mickey Rose, som skreiv Take the Money and Run (1969) i lag med Allen og Bananas (1971). I 2003 kom filmen ut på DVD.

Filmmusikkalbum

Filmmusikkalbumet til What's Up Tiger Lily? kom ut i 1966. Det inneheld musikk av The Lovin' Spoonful. Lydteknikaren hos National Recording Studios var Fred Weinberg, som kom til å produsere og vere lydteknikar på mange andre filmar og album. Det kom ut på CD i lag med You're a Big Boy Now, musikken deira til filmen frå 1966 av Francis Ford Coppola. Albumet nådde 126. plassen på Billboard Pop Albums-lista

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «What's Up, Tiger Lily?» frå , den 23. mars 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Komediefilmar frå 1960-åra Kategori:Spionfilmar frå 1960-åra Kategori:Filmar frå 1966 Kategori:USA-amerikanske filmar Kategori:American International Pictures-filmar Kategori:USA-amerikanske parodifilmar Kategori:Debutspelefilmar Kategori:Engelskspråklege filmar Kategori:Filmar regisserte av Woody Allen Kategori:Manus skrivne av Woody Allen Kategori:Spionkomediar