Aleksej Jurjevitsj Poltoranin () er ein kasakhstansk langrennar, fødd i Ridder. Han tok to bronsemedaljar under Ski-VM 2013 og sikra seg sigeren i 12 tevlingar i verdscupen i langrenn. Poltoranin vart arrestert under verdsmeisterskapen 2019 i Austerrike og sikta for bloddoping.
Aktiv Poltoranin kom på femteplassen både på sprinten og parstafetten ved Vinter-OL 2010 i Vancouver i Canada. Han vann 15 km i Davos den 11. desember 2010, den fyrste av fem sigrar i ordinære verdscuprenn, alle fem i klassisk stil. I åra fram til 4. mars 2018, då han tok sin tolvte triumf i ei verdscuptevling, vann han også sju såkalla etapperenn. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme sikra Poltoranin seg fyrst ein bronsemedalje på parstafetten, saman med lagkamerat Nikolaj Tsjebotko. Ei veke seinare etter spurta Poltoranin inn til bronseplass på femmila, einast verdsmeister Johan Olsson og Dario Cologna gjekk fortare. I dei neste ski-verdsmeisterskapane, 2015 i Falun og 2017 i Lahti, vart Poltoranin som best nummer sju, i Falun på femmila og i Lahti på 15 km.
Doping Midt under Ski-VM 2019 i Seefeld in Tirol vart Poltoranin og fire andre langrennar arrestert av politiet, alle mistenkt for å ha dopa seg.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alexei Jurjewitsch Poltoranin» frå , den 25. mars 2019.
Kategori:Kasakhstanske langrennsløparar Kategori:Kasakhstanske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Kasakhstanske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Kasakhstanske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Kasakhstanske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Dopingsaker i langrenn