Halvor Bjørnebye () var ein norsk flygar og luftfartspioner. Saman med blant andre Arild og Viggo Widerøe var han med på å grunnleggja Widerøes Flyveselskap i 1934.
Bjørnebye vart elev ved Marinens flyskole i 1926, og fekk flygarvengen året etter. Han vart utskriven i september 1929.Norsk fly-bok, s. 95 I 1933 starta han selskapet Widerøe & Bjørnebye saman med Viggo Widerøe for å driva foto- og reklameflyging. Året etter starta dei saman med tre andre Widerøes Flyveselskap.Grønne vinger over Norge, s. 5 Ikkje lenge etter byrja han i DNL. Like før krigsutbrotet i 1940 forlét han DNL og byrja i nederlandske KLM.Bjørnebye, s. 148 Han deltok i kampane i Noreg som kjentmann for britane.Flyalarm, s. 85
I 1946 vart han tilsett som sjefsflygar i Braathens SAFE, før han året etter vart inspektør i same selskap.Mot alle odds, s. 33
Verk
Kjelder Referansar
Denne artikkelen bygger på «Halvor Bjørnebye» frå , den 2. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Nekrolog Aftenposten 30. mai 1981
Oslo: Gyldendal. [Oslo]: [Widerøe's flyveselskap].
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske flygarar