Envold de Falsen () var ein norsk embetsmann, politikar og diktar, fødd i Danmark. Han var far til Christian Magnus og Valentin Falsen.
Envold Falsen var inngift i «rikmannsklassa» i Christiania. Åra 1777-88 var han assessor i overhoffretten i byen. Dei to siste åra, 1786-88, var han medlem i Lofthuskommisjonen og skreiv sjølv innlegga frå kommisjonen. Der etter var han 1789-91 lagmann i Nordlandene og Finmarken. I 1793 skreiv han ei avhandling for eit norsk universitet.
Falsen var mykje oppteken av teater. Han var ein dugande amatørskodespelar. På 1790-talet var han med å skipe eit teaterselskap, og forfatta sjølv fleire dramatiske verk.
Frå 1802 var Falsen justitiarius i Akershus stiftsoverrett til han døydde i 1808. I 1807-08 var han den drivande krafta i Regjeringskommisjonen. Han var då redaktør for det offentlege bladet Budstikken, der han i «fyndig og eldfull stil mana folket til mod og nasjonalkjensle». Falsen var ikkje nervesterk, gjorde sjølv ende på livet sitt.
Kjelder Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1952
Kategori:Norske advokatar Kategori:Norske frimurarar Kategori:Norske embets- og tenestemenn Kategori:Folk frå København